Smøretips

Bilde av 629958_510_357[1]


GLIDSONE:
Framme og bak(frå helen) på skia.
 
FESTESONE: Sona der vi legg festesmørning.Stå på begge skia på plant golv. Trekk ein papirlapp fram og tilbake, og marker endepunkta på sida av skia. Når lappen ligg midt under foten, og du ikkje kan bevege den når du legg all tyngden på skia, har du mjuke nok ski. Festesona bør vera 40-50 cm.
 
Grunnbehandling:
Vask og rens skia med sikling, skirens og fille (fiberlene). Legg på glidvoks i glidsone (nok til at det flyt når du smeltar den). Lilla glidar dekker dei fleste føre. Smelt/varm glidaren inn med smørejern eller strykejern (ca 130 grader, det skal ikkje ryke av smørejernet). Gjenta gjerne smeltinga etter 20 minutt. Etter 20-30 minutt kan du sikle vekk glidaren med plastsikling (sikla så lenge det følgjer med voks). Brukar du skia mykje, bør du gjenta dette etter 150-200 km.
 
Festesonen:
For å få smørningen til å sitje betre, kan du pusse festesonen forsiktig med 120-papir.
 
TØRRSNØ-FINKORNA
Det første laget kan du smelte inn med smørejernet. La det stå i 5-10 minutt før du jevner det med korken. Deretter tynne lag som du bruker korken på. Ved sterk slitasje kan du legge grunnvoks som første lag, ellers held det med blå super ekstra. Dersom du får glipptak, kan du smørje litt lenger fram på skia.
 
-4 grader og kaldare: Rode Super Extra -1 til -5 grader
-1 til - 3 grader: Rode Lilla Multigrade 0 til -2 grader
0 til - 1 grad: Lilla Rode 0 grader.
Ved vanskeleg føre treng du ikkje bruke kork på det siste laget.
 
GROVKORNA SNØ – KULDEGRADER
Legg på Rode Multgrade klister -6 - +6 grader. Legg klisteret i fiskebeinmønster. Bruk varmelampe eller berre handbaken til å jevne ut klisteret. For meir slitestyrke, er det betre å legge på klisteret om kvelden og la skia stå ute om natta. For endå betre slitestyrke kan du legge på Rode blå isklister som første lag. Dersom du skal på langtur og skal opp i område med tørrare snø, kan du dekke klisteret med aktuell tørrsmørning om morgonen før du startar turen
 
GROVKORNA SNØ, VARMEGRADER
Du kan bruke Multigrade klister no også, men blir det skikkeleg vått, kan du bruke Rode rød klister,
-2 - +4 grader.
 
ANDRE ALTERNATIV
Vi har også klister og tørrvoks på sprayboks og glidar på boks. Desse gir ikkje så langvarige resultat, men kan lett brukast av dei som ikkje har så mykje erfaring.
Start grip-tape kan brukast i festesonen på skia. Ein pakke held til 2 par skia. Denne dekker dei fleste føre brukbart, og er best på tørr snø i kuldegrader. Tapen varer normalt i 150-200 km
 
Etter sesongen:
Når du set skia vekk etter sesongen, gjer du grunnbehandlinga på nytt. Men la glidaren ligge på og beskytte skia. Når du tar skia fram att neste sesong, er det berre å sikla dei og legge på festesmørning. Lar du skia ligge lenge med gamal klister, blir dei vanskeleg å reingjera.
 
God Tur !
Helsing Eivind & Joker Skarsmo